Tjuveri

Johannes har gjort noko forferdeleg gale. Han har gjort det verste av det verste, og han veit at han
aldri an seie han er uskuldig. No er han ein tjuv. Han er ein av dei forferdelege menneska dei pratar
om på nyhenda, slike som ein må passe seg for. Det er nok berre snakk om tid før politiet kjem og
tek han. No skal han i fengsel.

Eg er ein tjuv på rømmen, tenkjer Johannes. Han sit på golvet med ryggen inntil veggen, venter på
straffa som skal komme. Han gret litt og kjenner at han har forferdeleg dårleg samvit. I går hadde
han aldri trudd at han skulle verte ein forbrytar, men no er det gjort. Han kan aldri gå tilbake til slik
det har vore før. Dei har allereie merka at det har forsvunne, så han kan ikkje berre leggje det
tilbake heller.

Han sit i mørket. Han pakker seg inn i eit teppe av dårleg samvit, og prøver å tenkje. Han snur og
vender på sanninga, for kanskje det er ei løysing. Kanskje han kan gjere eller seie noko som vil gi
han uskulda tilbake. Det må jo vere noko eg kan gjere, tenkjer han.

”Kva gjer ein tjuv når han angrar på kva han har gjort?”

Han bruker ei lav, pysete stemme. For kva vil Gud tenkje om han no? Snille Johannes som alltid har
vore snill og berre gjort snille ting, har no vorte omgjort til ein forferdeleg og ond tjuv. Han veit
iallfall heilt sikkert at han ikkje kjem til himmelen no lenger. Han ser for seg at han står i ei lang
linje av gode mennesker som ein etter ein kjem inn gjennom porten til himmelen, men når det er
Johannes sin tur, står Gud der og rister på hovudet.

”Du får ikkje komme inn her, Johannes.”
”Kvifor ikkje?”
”Du er ein ond tjuv.”

Og så vert porten lukka, og Johannes blir sendt ned til helvete. No gret han enda meir, for han har
slettes ikkje lyst til dette. Han meinte jo ikkje å vere ond, freistinga var berre for stor!

”Eg må be om orsak.”

Johannes snik seg ut av huset. Han passer godt på at ingen ser han, og så spring så fort han kan til
politistasjonen. Det er Arild står bak skranken i dag. Han er gode vener med mor til Johannes.
Sidan det ikkje er nokon andre der, går Johannes bort til han.

”Neimen Johannes, kva gjer du her åleine?”

Arild ser litt bekymra ut. Han har reist seg frå stolen sin, og han rynker med augebryna sine.

”Det er eg som gjorde det.”
”Kva gjorde du, Johannes?”
”Eg er ein ond tjuv.”

Arild kjem ut frå bak skrangen. Han ser alvorleg inn i augo til Johannes, og kryssar armane sine. No
kjem det, tenkjer Johannes. No skal eg i fengsel.

”Kva har du stole?”

Johannes tek tjuvgodset sitt ut av lommene sine og legg det på skranken. Arild byrjer å le godt.

”Du er no ein tullekopp, Johannes! Eg ringjer mor di; du må ikkje gå ut åleine, veit du."

Caelan   Hordaland

 

    Narsissa
Denne var søt^^ Du har gode skildringer, og
etter det jeg ser(Jeg skriver jo normalt bokmål)
et godt språk. Du har god balanse med å ikke
ha for mye direkte tale, og jeg liker det at du
bruker navn. I mange historier lager det en god
efekt å ikke ha navn, men her blir det helt
motsat egentlig. Det at alle har navn gir et godt
inntrykk av hva jeg-personen, som tydelig er
gaske ung, tenker.

Jeg savner litt en lengre avsluttning though, som
om dette bare er en prolog på en lengre serie.
Jeg vet jo ikke om det er det du har tenkt, men
hvis dette kun er en enkelt tekst, ville jeg
kanskje hatt med en avsluttning der vi bla.
kanskje kan få vite hva jeg-personen egentlig
tok? Merker jeg dør etter å få vite den lille
detaljen der:P

22/10/2012 18:03

 
    Beliar
Heilt ok at me ikkje fekk vete kva eg-personen tok. Det er ikkje så viktig. Lesaren skjønar av seg sjølv at det ikkje kan ha vore noko stort, lesaren skjønar at Johannes sikkert berre er sju år eller noko i den duren, og sjuåringer steler som regel godteri. Eg tykkjer det ligg i linjene "du er ein tullekopp, Johannes! Eg ringjer mor di; du må ikkje gå ut åleine, veit du." Her får me vete alt me treng å vete, det er sjølve linja som gjer historia. Det er klårt ho ikkje treng å vere lengre, ein treng jo ikkje utbrodere kring eit poeng som allereie er sette.

Forøvrig digga eg denne teksta her Imre-mann, det var stilig. Eg likte den ekstreme dramatikken som gjer det heilt openbert at personen iallfall ikkje er vond (å vere vond er vel litt valdamt når det berre er tjuveri av materielle ting det er snakk om, spesielt når det er snakk om materielle ting frå ein butikk), og det gjer det så latterleg komisk. Når eit menneske har gjort noko så mildt og tenkjer på denne måten, skjønar ein at det er eit slags englebarn det er snakk om. Eg førestelte meg ein vaksen mann og, noko som gjorde biletet endå meir komisk. Difor likte eg og brotet som siste linje skapte.

Fantastisk bra greie, du skal få ei stemme.

Koz & Klemz
Daniel

22/10/2012 18:23

 
    Caelan
Narsissa: Tusen takk for kommentaren. Som
Daniel sa, meiner eg sjølv at det ikkje er
nødvendig med ei meir utdjupa avslutting, men det
er veldig kjekt å sjå andre synspunkt!

Beliar: Det var kjekt at du likte den! I og med at
du er ein av favoritt folka mine på bua, betyr det
ekstra mykje. Så tusen takk! :D

23/10/2012 14:18

 
    Caelan
Redaksjon, eg vil gjerne melde denne teksten på
forfattarstafetten dersom det er mogleg.

31/10/2012 14:21

 
    Ingrid (red)
Hei,
jeg legger teksten til i forfatterstafetten i november. Mer info om hvilken forfatter vi har i november kommer etterhvert.

31/10/2012 14:24

 
    Løvinnen
Åh, elsket denne, og det at man ikke får vite hva han har stjelt gjør bare teksten mer effektiv, virkningsfull. Du er flink!

01/11/2012 07:42

 
    Beliar
Grattis med fjes! Det tenkte eg meg nesten! :- )

01/11/2012 12:13

 
    Caelan
Oj, wow! Dette hadde eg ikkje trudd, men no vart
eg uturleg glad! :D

01/11/2012 14:40

 
    Kyra
Jeg liker at man ikke får vite hva han tok, det
setter tankene og følelsene i fokus. Morsom tekst!

01/12/2012 00:50

 
    Caelan
Redaksjon: skulle det ikkje komme ein
forfattarkommentar her?

Kyra: Tusen takk!

04/12/2012 09:02

 
    Ingrid (red)
Den er nok rett rundt hjørnet nå. :)

04/12/2012 13:40

 
    Caroline K. Palonen (Forf.)
Hei!

Du har skrevet en fin og sjarmerende liten fortelling om å stjele, ha dårlig samvittighet og om å være redd for å bli avslørt. Synes du har en ledig og naturlig stil som gjør at teksten blir lett å lese. Jeg opplever den som mer eller mindre helstøpt, og har derfor ingen konkrete forslag til endringer. Det eneste måtte være en annen tittel. Kanskje du kan finne på noe litt mer fengende?

Partiet som handler om Johannes sitt tenkte møte med Gud er kjempemorsomt. Her lo jeg, og det er ikke så ofte jeg ler av tekster. Det er også veldig bra at vi ikke får vite hva Johannes har stjålet. Det er ønsket om å få vite hva det er Johannes har tatt, det som gjør han til en så forferdelig tyv, som gjør at jeg vil lese hele fortellinga. Det får jeg aldri vite, men slutten forteller at det han har tatt er noe uten stor betydning for noen. Det er morsomt og bra! Jeg vil tro at mange kan kjenne seg igjen i situasjonen. Noen ganger tror man at det man har gjort er viktigere enn det er. Man tror det vil få store konsekvenser, og så skjer det ingenting. Livet bare fortsetter på den vanlige måten. Denne fortellinga fikk meg til å tenke på den gangen jeg stjal et viskelær fra ei i barnehagen, og de rundene jeg måtte gjennom for å finne ut om jeg skulle våge å levere det tilbake eller ikke.

Tusen takk for at du fikk meg til å le, og lykke til videre med skrivinga!

Alt godt fra
Caroline

14/12/2012 14:21

 
    skriver123
Kjempebra tekst! Denne likte jeg veldig godt å lese!

18/12/2012 16:56

 
    Caelan
Takk så mykje for kommentaren, Caroline! Det var
utruleg kjekt å høyre at du likte den. Eg kjenner at
eg er einig når det kjem til tittelen. Den er ikkje så
fengande som eg helst skulle ville.
Igjen tusen takk!

18/12/2012 22:59

 
    Gi tilbakemelding:

  Du må lese reglene hvis du er ny på Skrivebua.
Kommentarer som kan virke sårende vil bli slettet.
Det samme gjelder førstekommentarer på egen tekst
som ikke er helt nødvendig.

Husk at vi er her for å bli oppmuntret til å skrive.
Du må være registrert bruker og innlogget for å gi tilbakemelding.