Briller

Brillene kraup sakte bortover kassa, golvet og veggene. Dei var overalt, klare til å angripa oss. Leiarbrilla, med store, runde og sota glas, stoppa plutseleg opp og stirde. Det gjorde resten av dei, også. Viss du ikkje har opplevd det, kan eg seia deg at det er ganske fælt å verta stira på av eit par hundre tusen briller.

Eg hadde ingen planar om å verta optikar eller noko som helst innan brillesjangaren, viss det er det du trur. Nei, den einaste grunnen til at eg hamna her, er at eg bruker briller. Det i seg sjølv er jo fælt nok utan at brillene plutseleg gjer opprør og krev verdsherredøme og brillerettar. Men det prøvde dei då altså på.

Eg var her for to dagar sidan, for å kjøpa nye briller. Dei gamle vart tilfeldigvis knuste då eg gjekk på ei usynleg glasdør. Dette var nok også ein del av den vonde planen deira, for brillene burde vel ikkje knusa så lett? Men eg kjøpte altså nye briller, veldig like dei eg hadde før. Dei verka heilt fint i cirka halvannan dag, før dei plutseleg ikkje verka lenger. Briller sluttar rett og slett berre ikkje å verka. Dei kan knusa, få riper, rivast sundt, alt faktisk, men dei sluttar uansett ikkje å verka. Men mirakla si tid er vel ikkje over. Det er forhåpentlegvis brillene si.

Då eg kom tilbake igjen tidlegare i dag, var lokalet fullt av sinte og misfornøgde kundar. Dei hadde opplevd det same som meg, men med ulike skadeomfang. Eg hadde berre krasja i nokre søppelbøtter på vegen bort, medan nokre av dei andre såg meir ut som om dei hadde krasja med eit par illsinte grizzlybjørnar. Ein gammal mann gjekk bestemt inn døra, medan han klamra seg til ein rullestol med ein illsint mann i. Rullestolbrukaren var visst ikkje særleg begeistra for at han vart brukt som gåstol, så han rulla snart fint ut døra igjen, med den gamle mannen hengande etter. Ei jente i 18-årsalderen sto og pludra til ei dokke som låg i armkroken. Sidan ho såg ut til å vera litt for gammal til å leika med dokker, og ho hadde ei t-skjorte med påskrifta "Støtt unge mødrer", var det god grunn til å tru at ho hadde lagt ungen igjen heime.

Eg prøvde å strekkja med for å sjå kvar optikarane var, men så kom eg på at eg i grunnen ikkje kunne sjå så mykje uansett. Men så vart det endeleg fortgang i køen. Nokon hadde visst fått opp døra til bakrommet, der optikarane ofte gøymde seg vekk. Denne gongen var det ikkje to late og litt redde optikarar som venta bak den no ulåste døra, det var ein haug årvakne briller, i den grad briller kan vera det. Eg burde vel ikkje ha sett dette, tenkjer du vel, sidan brillene var i avmodus eller noko, men med ein gong haugen med årvakne briller kom til syne, begynte brillene våre å verka igjen.

Ikkje at det var til så mykje hjelp, for eit par hundre briller hadde vagla seg opp på kvar einaste ledige millimeter av døra, og ingen har vel lyst til å brøyta seg igjennom eit teppe av briljante briller? Nei, men nokon gjorde det, likevel. Den unge dokkemora fann endeleg ut at ho sto med ei dokke, og ikkje ein levande unge i armane. Ho kasta dokka mot døra, og prøvde så å springa gjennom sjølv. Før ho kom fram, hekta halvparten av brillene seg fast i kleda hennar og drog henne bakover, heilt bakover i køen. Den nå veldig forvirra gjengen som hadde stått og gapt gjennom heile opptrinnet, rista på hovudet og prøvde å ikkje sjå ut som ein saueflokk med uvanleg låg IQ. Det greidde dei ikkje.

No skal det jo seiaste at eg også var ein sau i denne flokken, og eg hadde ikkje høgare IQ enn resten av gjengen akkurat der og då. Men altså, medan saueflokken sto der og såg dumme ut, var det ingen som såg at det kom forsterkingar på forsterkingar med nye årvakne briller. Men endeleg så vakna me litt, å vart lønna med litt høgare IQ. Den vart så brukt maksimalt, då me lydlaust prøvde å pønska ut ein fluktplan. Det einaste problemet var vel at det ikkje var ein einaste plass me kunne flykta. Brillene stod i alle døropningane og og i alle vindauga, klare til å angripa. Me var totalt ommringa av briller.

Brillene kraup sakte bortover kassa, golvet og veggene. Dei var overalt, klare til å angripa oss. Leiarbrilla, med store, runde og sota glas, stoppa plutseleg opp og stirde. Det gjorde resten av dei, også. Viss du ikkje har opplevd det, kan eg seia deg at det er ganske fælt å verta stira på av eit par hundre tusen briller.

Ja, dei stoppa. Så stod me berre der, alle i rommet, heilt urørlege. Brillene såg ikkje like årvakne ut, dei såg faktisk ganske vanlege ut. Etter nokre år eller sekund, sparka ein mann borti den eine brilla, som rulla rundt eit par gonger og knuste. Alle såg stivt ned. Så såg alle stivt opp. Så nikka alle til kvarandre, og gjekk på lageret for å finna seg linser.

Skrivespira 20 år  Rogaland

 

    Nattfarí
Denne var artig!
Har aldri lest noe sånt som dette før, i hvert fall.

Du skriver veldig godt, beskrivelser og skrivemåte er herlig og jeg liker virkelig at du brukte første avsnitt to ganger.
Da jeg kom til 18-åringen med dokka, lo jeg faktisk høyt. Du har virkelig evnen til å skrive humoristisk.

Slutten var også en av de beste sluttene denne kunne ha hatt, tror jeg. :)

16/12/2012 15:58

 
    Skrivespira
Tusen takk for kjempekjekk kommentar! :D Eg hadde nok skrive endå meir på denne, om ikkje det var ein tentamen :/ Eg har vurdert å skriva meir på ho, men det har berre ikkje hendt...Kjempekjekt å høyra at du likte ho, i alle fall! :D

16/12/2012 18:20

 
    Ompabop
Kjempemorsomt! Det er en så absurd hendelse, men du skriver det lett og festlig at leseren godtar det, samtidig som hun også humrer seg gjennom historien.

Jeg liker at du starter midt oppi hendelsen, tar et skritt tilbake og forklarer hva som har skjedd, og så kommer tilbake til begynnelsen før du løser hele situasjonen. Det er også glimrende tenkt av deg å løse hele den vanskelige situasjonen med de skumle brillene ved at alle like godt bare får seg linser....

Den nå veldig forvirra gjengen som hadde stått og gapt gjennom heile opptrinnet, rista på hovudet og prøvde å ikkje sjå ut som ein saueflokk med uvanleg låg IQ. Det greidde dei ikkje. Denne er elegant skrevet, den er humoristisk, og jeg liker at du kommer tilbake til det ved å nevne IQ og saueflokk i neste avsnitt. På denne måten blir det ikke bare en tilfeldig sammenlikning, og jeg kan som leser le hver gang du bruker IQ i en ny vittig vending fordi jeg skjønner at du samtidig refererer til noe du har skrevet tidligere.

Jeg synes det er en akkurat passe lengde på teksten, du trenger slett ikke skrive mer på den. Slik den er nå er den perfekt. Men jeg skulle gjerne lese flere lignende historier fra deg! Den er intelligent, morsom, original og kreativ.

28/12/2012 14:54

 
    Skrivespira
Tusen takk for fantastisk kjekk kommentar! :O :D
Kjempekjekt at du likte ho og forstod humoren! ^^

30/12/2012 20:52

 
    Random
humoristisk og godt fortalt. Jeg synes det også er
ganske morsomt at man kan se på teksten som en
brillebrukers vei til linser: at man føler seg
angrepet av brillene, og kanskje heller vil ha noe
som skaper mindre problemer og som ikke synes.
Jeg har ikke noe konstruktivt til deg, beklager det.
Jeg syntes den var morsom å lese, jeg har ikke
lest noe liknende før, og er enig med Ompabop at
vi burde se lignende historier fra deg, for dette
gjorde du utmerket! =)

01/01/2013 23:51

 
    Caroline K. Palonen (Forf.)
Hei!

Du har skrevet en sprø fortelling hvor briller har fått liv! Måten disse levende brillene oppfører seg på får meg også til å tenke på biller, og det regner jeg med er et bevisst grep fra deg som forfatter. Språket ditt flyter lett, og teksten er humoristisk, original, surrealistisk og har en overraskende slutt. Det er veldig bra!

Noen ganger skriver du setninger som jeg mener er overflødige:

«Viss du ikkje har opplevd det, kan eg seia deg at det er ganske fælt å verta stira på av eit par hundre tusen briller». Beskrivelsen som kommer før denne setninga gjør at vi lesere klarer å tenke oss til at det er fælt uten at det står skrevet der i klartekst. Senere i teksten blir setninga repetert, og jeg ville av samme grunn fjernet den. Før den setninga skriver du «Dei var overalt, klare til å angripa oss. Leiarbrilla, med store, runde og sota glas, stoppa plutseleg opp og stirde. Det gjorde resten av dei, også». Det er ei ubehagelig og god skildring. Du har vist oss. Da trenger du ikke fortelle oss. Som de sier det på fagspråket: Show, don't tell! Dette er bare pirk. Men du kan jo tenke litt på det. Teksten din er full av fine og litt snåle skildringer og detaljer. Det kan du bruke mer. Håper du vil jobbe videre for å få teksten til å sitte enda bedre. Så langt ser det lovende ut. Lykke til, og tusen takk for at jeg fikk lese!

Kanskje jeg må gå over til linser.

Alt godt fra
Caroline

03/01/2013 10:05

 
    Gi tilbakemelding:

  Du må lese reglene hvis du er ny på Skrivebua.
Kommentarer som kan virke sårende vil bli slettet.
Det samme gjelder førstekommentarer på egen tekst
som ikke er helt nødvendig.

Husk at vi er her for å bli oppmuntret til å skrive.
Du må være registrert bruker og innlogget for å gi tilbakemelding.