Far vel, kjære Skrivebua

Eg ynskjer deg lukke til, Skrivebua. Både deg og alle dine Buabebuarar. De har betydd så mykje for meg, alle saman. Dette er den siste teksten eg legg ut her. I denne omgang, i alle fall. Eg trur både du og bebuarane dine kjem til å koma tilbake, kjære Skrivebua. Det trur eg verkeleg.

Eg er eit Buabarn, det er noko av det einaste eg kan trøysta meg med for augeblinken. Datoen 20.11.2011 kjem alltid til å vera ein lykkedato for meg. For det var då eg oppdaga Skrivebua, og den fantastiske verda som denne nettsida husa. Både eg og skrivinga mi har endra seg så mykje dette siste året; eg kan aldri få uttrykt takknemligheita mi nok.

Til sist vil eg berre seia takk, rett og slett. Takk til alle som har kommentert tekstane mine, som har oppmuntra meg til å fortsetja. Takk til redaksjonen som har gjort alt dette mogleg. Takk til Skrivebua, rett og slett, som har gitt meg ord, vener og håp som eg aldri hadde hatt ellers.

Takk, og farvel. Men ikkje for alltid.

Skrivespira   Rogaland

 

    Kivi
Hei, vil bare takke deg for de fine kommentarene jeg har fått av deg. Og alt og sånn... Jah.. Jeg har ingen ord. Men, når jeg sier takk så mener jeg Tusentrillionerfantasillioner takk og takketakk og takk.

02/01/2013 00:11

 
    Skrivespira
Du fortener det så inderleg, kjære deg! Tusen takk for dei kjempeflotte kommentarane eg har fått av deg også, og for alle dei nydelege lesaropplevingane du har gitt oss alle! Tusentrillionarfantasillionar takk og takketakk takk til deg også, Kivi. Og til Skrivebua.

02/01/2013 00:19

 
    Gi tilbakemelding:

  Du må lese reglene hvis du er ny på Skrivebua.
Kommentarer som kan virke sårende vil bli slettet.
Det samme gjelder førstekommentarer på egen tekst
som ikke er helt nødvendig.

Husk at vi er her for å bli oppmuntret til å skrive.
Du må være registrert bruker og innlogget for å gi tilbakemelding.